1880:

Etterskrift um
Gråtenmo-greida [ii]

(Av Ivar Mortenson)

(Frå fyrr. nr.)

So var det dette med løytnant Ås. Det kom nokle burt til meg og klagad seg og bad meg hjelpa dei og «skriva» nokot um honom; det måtte vera noko riktig «forsmædelegt» au, sagde dei, det var greitt å skyna, at dei var so harme på honom som dei kunde bli.* So fann eg på og skreiv dette brevet. Hu, det er so vondslegt, når det er soso stelt, tenkte eg. Eg totte synd både i løytnanten og i mannskape. Det kunde verta leidt for honom, um det vart sendt beintfram klage, tenkte eg; for etter det eg visste um honom, so kunde han gjerna verta avsett, tenkte eg. Men um ein skreiv til mannen sjølv og bad honom lempa seg noko, so kanskje kunde det hjelpa, og so hadde ein då ikkje den syndi på seg. Og so kunde det au vera mange andre, som kunde vera verre enn han.

So kunde pelotonen sjølv hava betre av dette, tenkte eg, når dei visste, at dei kunde få honom klagad for retten, men dei likevæl ikkje vilde honom so vondt, men tilgav honom og berre bad honom «fara fram med eit mildare lag;» det vilde sona stemningi, meinte eg; det vilde brjota odden av hatet. Der fær eg øva meg i eit nytt slag stil au, tenkte eg. Det norske målet, det er eit gildt mål, tenkte eg. Sjå no, her kann ein segja ærlegt og greidt alt saman, utan at det fornærmar nokon. Hadde eg skult skrivet dette på dansk, so hadde eg mått tenkt det ut og sveipt det til på ein annan måte, so det hadde vortet eit fælt hovudbrot, og so hadde eg ikkje fenget det so stutt og so ærlegt og  greidt helder. Eg var heiltupp stolt av det, og meinte eg hadde gjort det reint godt. Dette vil han lika, tenkte eg; for dei vil hava det ærlegt og greidt, hermennerne. Eg totte berre eg såg han, når han fekk brevet. So vilde han lesa det i hast; i fyrstningi vilde han skjelva litt; men so vilde han verta so glad, når han kom mot slutten; so vilde han snu seg til soldatarne og segja til dei: De skal hava takk, gutar; eg hev væl ikkje voret i alle måtar som eg skulde, eg held; men me skal hjelpast åt, so skal me sjå, um det ikkje skal gå betre! —

So høyrde eg, det kom til forhøyr. Stakkars løytnanten no, tenkte eg; skulde det bera den vegen lell! Men so vart eg so forundra: det var ikkje han, det var eg, som skulde vera syndaren, og eg kunde ikkje skyna, kva galet eg hadde gjort.

Og di meir eg høyrde og såg, di meir forbinad vart eg. Eg var ein uppviglar, ein anstaltmakar, ei vond ånd, ein falsk profet, og hadde fyrst forsøkt meg i mitt eiget kompani, men då det ikkje gjekk der, so hadde eg prøvt meg i eit annat; fyrr hadde det voret fred og ro og alt godt på moen, men no, då eg var komen, so hadde den gode ånd kvorvet burt. Eg var eit syrgjelegt «tidens tegn». Eg fekk strenge formaningar um å lata av frå den vegen eg var komen innpå. Eg forstod ikkje det slag av alt dette. Men på eikor vis laut eg væl hava forbrotet meg, tenkte eg.

Med løytnanten var det ein annan ting, ettersom eg fekk høyra. Ein av skulelærararne meinte på det under forhøyret, at det var rådlausst annat enn å mislika ein løytnant, som kallad og bannad so. «Skulde da ikke en løitnant ha lov til å banne sine soldater?» vart det svarat. — Og eg, som trudde, at det var stor synd slikt! Synd både mot soldaten og heren og embættsautoriteten, som vert undergraven ved slikt, — synd mot både Guds og landsens log og mot sjølve den ålmenne folkeskikken! —

Nei, eg hadde nok reint misteket meg i alt dette.

Dei spurde meg under forhøyret ved krigsretten um eg ikkje fann framferdi mi «respektstridig». «Nei, eg kann ikkje plent skyna det,» sagde eg, og spurde, korleids det kunde so vera. Men då var det berre som dei vart vonde, flaug upp og sagde, at eg hadde fortent ein «ørefik»; slikt burde eg då ha lært på skulen, sagde dei. Og dei rådde meg til å sansa meg betre etter.

Jaja; so fekk eg til å tenkja etter då. Er du so reint forherda, at du ikkje skynar det no helder då? tenkte eg. Eg gjekk igjenom alt det, eg hadde høyrt sagt um meg. Og di meir eg tenkte på dette, di meir gjekk det upp for meg, at me gjekk nok ikkje ut frå dei same grunnsetningarne, eg og dei. Men eit må det vera, anten må eg vera forunderleg laga, hell so må dei vera kallege folk, tenkte eg. Eg totte det var vondt um eg skulde frådøma meg sjølve vitet, men likso galet totte eg det var å avheidra dei. Eg visste plent ikkje kva eg skulde tru. So kom eg på nokot: Du skal freista å tenkja deg inn i deira tankegang og so skildra deg sjølve deretter, og so sidan skal du framføra ditt eiget syn, so fær dei sjølve døma.

Ja, so måtte eg då fyrst byrja med meg sjølv og prøva å sjå meg med deira augo. Her visste eg tvo ting: at eg etter deira meining var ein brotsmann og ein urostiftar, og at eg — etter deira folkeskikk – måtte vera ein raring, når eg hadde voret so lengje soldat og so likevæl forbraut meg so svært mot den militære ånd utan å vita av det. Dette hadde eg å gange ut ifrå; og so skulde eg då prøva etter det og etter deira måte å greida saki slik ut for dei, at dei kunde forstå, at «logbrotet» mitt iallfall ikkje var gjort på nokot vondt. Men no å sitja slik å sjå seg sjølv med andre folks augo og skildra seg sjølv som ein fårleg brotsmann — der kom nokot løglegt inn i dette; eg kom halvt um halvt til å sjå på denne «brotsmannen» likesom det var ein annan, og å skildre honom på lag som når ein prøver å «analysere psychologisk» i ein novelle; — noko slikt blandad eg inn, og so vart det deretter. Men Grunnen i det eg skreiv skulde vera denne: Eg hev stødt hatt min eigen skikk og voret van til å gjera slik som eg sjølv fann det best. Men er eg her komen uppi eit liv, der det gjeld andre reglar enn dei, eg fyrr kjenner, so er det greidt, at eg må finna meg i å dømast etter dei. Og eg lyt vedkjennast, at det er «omtankeløst» av meg, at eg ikkje fyrr hev ansat meir på, kva det er for reglar, som gjeld her. Men dette kjem av, at eg er so og so lagad — og so skulde då denne skildringi av meg sjølv koma so, som eg og etter den måten kunde få henne til. Men det er greidt — vilde eg då segja —, at no, då eg hev fengjet meir greida på desse reglarne vil eg fylgja den vanlege skikken, so eg ikkje skal koma i ugreida med log og rette berre for ingenting og for ei form skuld; for det kann då ikkje nytta. Til slutt vilde eg leggja fram  mitt eiget standpunkt og prøva å få dei til å forstå det; — fekk eg det til, meinte eg, so vilde eg au få dei til å skyna, at eg ingen «brotsmann» var; men kom eg med det fyrst, so vilde dei berre finna det «respektstridigt». Eg visste i det heile ikkje rett, kor mykje eg torde segja. Eg hadde voret ute for det fyrr, at når eg sagde det eg meinte, so svarad dei, at det var mot «respekten». Det gjekk rundt for meg; eg forstod meg ikkje på, kva dei meinte med den respekten, meir enn eg skulde vera eit barn.

Men eg fekk ikkje stunder til å gjera «forklaringi» mi ferdig. Eg hadde berre ein formiddag å gjera på, og den fyrste parten av stykket mitt gav meg so mykje hovudbrot, at eg rakk ikkje meir enn det. Og det var helder ikkje slik, at eg kunde leggja det fram. Eg hadde ikkje fengjet det til som eg vilde; sumt av det, eg hadde skrivet, var der meining i, og sumt ikkje. Nei, tenkte eg då, eg fær berre segja det, som eg hev tenkt for meg sjølv for retten, so eg ikkje egløymer ut for mykje. Men so då eg kom for retten, og dei såg, at eg hadde papir, so vilde dei hava det. Ja ja, tenkte eg dei fær vel få det då; — nokot vondt kan det væl ikkje gjera! Og å få heilt fram det som eg meinte, det gav eg upp. Eg forstod meg ikkje på heile stellet deira; eg var rædd det kunde lite nytta. Dei fekk gjera som dei vilde sjølve.

— Men du kan tru, eg vart forundra, no då eg fekk sjå nokot av dette rablet mitt att i

«Morgenbladet». For der såg det rart ut. Eg visste ikkje anten eg skulde læ hell gråta. Hadde eg endå fengjet det fullskrivet —! Men eit halvgjort arbeid, eit halvgjort forsøk på eit arbeid, og så dertil lange uttydingar, — nei, so rart hev eg aldri set som å sjå sovoret på prent. Ikkje hadde eg tenkt held, at folk kunde tru slikt som at eg den eine dagen skulde tru å ha gjort ei god gjerning og den andre dagen «angre» det «vonde» eg hadde gjort! —

No tregar eg mykje på, at eg den gongen gjorde som eg gjorde. Det er ikkje so mykje for meg sjølv; for eg er ung og sterk og hev eit godt mod, so det var ikkje verre enn eg altid kunde standa ut dei 25 dagarne. Men eg tykkjer mest synd i løytnant Aas; han hev då fengjet den verste straffi ved all den skrivingi, som hev voret um honom, og so generalen au. Og så respekten for offiserarne, den fæler eg for hev fengjet eit hardt hogg ved alt dette; for det hev samlat seg mykje uvilje mot dei ved det. Og det var ikkje det, eg vilde. Eg tenkte helder eg skulde hjelpa til å sona det, som var sunderbrotet, eg, og hjelpa fram eit betre forhold.

Men mistaket mitt var, at eg ikkje agtad rett på, korleids offiserarne og det heile militæret i grunnen var lagad. Eg tok det for «norskt», for endefram. For seint fekk eg sjå, at ein «norsk» måte og ein «militær» måte høver ikkje plent ihop. Den «militære ånden», so som den hev utviklad seg her, og so vidt eg forstend den, er nokot reint serskilt og formerkjelegt, som eg vist aldri kjem heilt inni. Men eg vil freista å stella meg klokare ein annan gong. —

Eg kann ikkje hava nokot å segja på domen min — det er greidt, at eg kunde ikkje venta å verta dømd etter mine eigne meiningar; eg måtte finna meg i å dømast etter deira krav. Og etter alt det vonde, som eg må hava gjort, kunde eg væl ikkje venta mindre. Ein annan ting er det, at eg gjerna kunde ynskja å få meir grunn i heile dette militære stellet enn eg hev; for straffi trur eg ikkje hev gjort meg stort klokare. Ein annan ting er det au, at eg kunde ynskja å forstå dette, at det eg gjorde der på Moen i sumar, skulde vera so stor ei synd! —

Eg hev ærlegt prøvt å setja meg inn i det; men — synsmåtarne er so ulike.

Fedraheimen 20. november 1880

 

* Du veit eg vilde ikkje nemne nokot vidare um dette for retten; det var nok at me tri kom i ulukka, syntest eg.

Sjå også:

Gråtenmoen

Frå Gråtenmoen

[Arne Garborg:] Det gjeng lystigt til

[Arne Garborg:] På Gråtenmoen

[Arne Garborg:]«Morgenbladet»

Etterskrift um Gråtenmo-greida [i]

[Arne] G.[arborg]: Ivar Mortenson