1877

1880

På Gråtenmoen

skal det i fleire år ha vore ymist ustell. I år var det nok ikkje betre. Millom dei ting, som vekte misnøgje bland soldatarne, vert nemnt matstellet og innkvarteringi. Maten vart stellt på ein slik måte, at han rak full av altslags bos og var lite fyseleg; tjeldi hadde frå fyrstunde berre jordgolv med litt halm yver til å liggja i, og der skulde då dei arme gutarne sova og vera, både i godt og vondt ver, ja um golvet stod som i flaum, som stundom skal ha hendt. Sidan vart det lagt fjøler ovanpå marki under halmen; — hjelpi var vel ikkje stor. Slike ting kunde just ikkje setja folk i godlag, og so kom det andre ugreidur til.

Etter ein innsendar i Dagbl. var det 4 kompani, som ekserad på Moen. Av desse hadde dei 3 fyrste berre snilde og greide officerar, so der gjekk det etter måten godt; 4de kompani derimot hadde båe slagi. Kapteinen der heitte Løvenskjold; det var han, som førde den store kampen med sabel og stige mot præsident Sverdrups portræt; hellest skulde det og vera ein nokso rimeleg kar. Men premierløytnant Aas var den som nok var skuld i det meste av ugreidurne på Moen.

Løytnant Aas var ein rå, ugodsleg kar. Han dreiv soldatarne sine som øykjer i den fæle vermen, til dess dei stupad i bakken, er det sagt. Og gjorde dei aldri so lite galet, elder vardt dei so trøytte at dei ikkje kunde fylgja med, so svor han og glefste og bannad på dei som ein villtyrk. «Din satan!» «din dævel!» «dit naut!» «din tosk!» o.s.fr. alt i eit. Ein gong var han endå so uvyrden, at han treiv ein trøytt syndar av ein soldat i øyra, drog honom upp etter øyresnippen og slengde honom hovudstup i bakken.* Slik åtferd, som både var ulogleg og umenneskeleg, kunde ikkje annat enn eggja soldaten upp. Dertil kom, at det gjekk eit ord millom soldatarne um, at dei ikkje fekk den maten dei skulde hava; ein furer skulde hava den skikken å selja sumt av suvlet til ein restauratør og stikka pengarne i si eigi lumme. Ingen ting kann eggja folk meir enn slikt.

Ivar Mortenson ekserad i 3die kompani. Han hadde skikkelege overmenn og var sjølv ein flink og lydig soldat. Han er — som mange av lesarane våre vil vita — ein framifrå godsleg og hyggjeleg kar; alle likad honom. Det einaste, som kapteinen hans kunde segja på honom, var, at han brukad telemål, når han «instruerad» (underviste) soldatarne — fyr han var halvtropsjef —; men han brukad ikkje telemålet til kommando-mål, som rimelegt kunde vera; berre ein gong forsåg han seg i det stykket, men rettad seg strakst, då løytnanten sagde frå um det. Men mange av dei uting, som han såg og høyrde på Moen, helst frå 4de kompani, eggjad honom up; han totte slikt var uliklegt og ufyselegt, og han meinte, at soldatarne ikkje burde finna seg i det, då det både var umorlskt og uloglegt. Dette gjorde at han kom upp i uføra: Guten hadde hjartelag, moralsk sans og — pligtkjensla.

Då det stod seg som verst i 4de kompani, fortel her y i Dagbl., skreiv Mortenson — etter samråd med fleire i det kompaniet — ei uppmaning til løytnant Aas (ikkje nokon «klage») og bad honom vera nokot meir rimeleg og serleg ikkje bruka alle desse stygge fantordi mot sine undermenn. Dette brevet tok han so med seg burt-til 4de kompani og las det upp for å få det godkjennt. Og deretter sende han brevet inn til løytnanten. Dette meinte både han og dei andre var plent etter reglementet, og dertil i seg sjølv ein god gjerning. Dessutan hadde Mortenson skrivet eit par brev um Gråtenmo-eksisen og var ærleg og uvarleg nok til å vedkjenna seg at han var forfattaren.

Mortensons store synd var altso for det fyrste, at han hadde «sam-rådat seg» med andre soldatar um ting, «som kunde vekkja missnøgje;» det var «upprør», det — meinte generalen ialfall; og for den andre den, at han hadde skrivet — nei, at han hadde vedkjennt seg å ha skrivet — eit brev elder tvo i eit blad med kritikk av tilstand og tilburder på moen. Då general Wergeland** kom, vart det krigsforhør, og ved mynstringi heldt generalen ein tale, som i mange måtar er morosam og ikkje altfor klok. Um mat-suvlet forklarad generalen at det ikkje var so ille som ordet gjekk; det var ikkje etande feitt, som fureren hadde selt. Um det som Mortenson hadde skrivet i brevet, at soldatarne ved ein gudstenest fyrst hadde fenget lov av ein kaptein til å setja seg ned, og at so sidan dei, som hadde sett seg, fekk skrubb for dette av ein annan kaptein, gav generalen den forklaring at når gamle kapteinar kunde orka å stå, so kunde Mortenson med; um løytnant Aas sagde hr. O.O Wergeland, at det var no ikkje just rett å skjella folk ut og bruka sterke uttrykk (banna) på dei; men han var stød på, at mannen — kvar gong hadde tregat det sårt etterpå, og det var dessutan so menneskeleg å mistaka seg.

Dagen etterpå vart Mortenson og tvo andre førde under arrest til Kristianssand. Fleire andre av dei, som hadde voret med på brevet, leet seg i siste stundi skræma til å svikta, og det vart då berre desse tri, som kom i naudi. Mortenson hadde viljat hjelpa kammeratarne sine til deira rett; no fekk han løni — på norskt. Det er fortalt, at ein kaptein kom burt-til Mortenson på bryggja, då han skulde ombord, og sagde nokot til honom um at «dersom han berre vilde beda generalen um forlatelse, so visste han at han slapp»; — dei gode herrarne hadde nok alt fenget si kjenning av, at dei ikkje hadde faret so klokt åt i denne saki som dei burde. Men Mortenson svarad på sin måte: «Nei, eg hev tenkt å taka ein tur til Kristianssand lel, eg, og so reiser eg likso godt no, for so reiser eg fritt!»

Dei kom til Kristianssand; krigsrett vart sett og dom fellt i slik ein fart, at folk hev gjort seg mange slags tankar um det. Ved krigsretten fær den instemnde ingen sakførar; retten sjølv vert sett for tilfellet, og det segjer seg då sjølv, at han vert sett med pålitelege folk. Kor mange vitne som er avhøyrde i denne saki veit me ikkje, svært mange kann det ikkje vera. Men kva trengde dei herrar til vitnemål? — Domen vart fellt, og domen var so streng, at ein kunde tru Ivar Mortenson måtte vera ein berserk og ein upprørar reint***. Han vart dømt til einsamt fengsel i 25 dagar.

Einsamt fengsel — kva er det? — Sjå den militære straffelog av 1866, § 21; den segjer:

«Ensomt fængsel anvendes kun på underbefalingsmænd og menige krigsmænd. Det udholdes i et fængsel, der er således indrettet, at den straflidende ikke kan se eller tale med nogen, og så vidt muligt ikke høre, hvad der foregår udenfor hans fængselsrum. Der må ikke gives nogetsomhelst arbeide, og hellerikke bøger, skrivematerialier eller andet, der kan tjene ham til sysselsættelse; dog kan det tillades ham søn- og helligdage(!) at benytte en andagtsbog. Leiestedet bør såvidt muligt være således indrettet; at adgang betages ham til at kunne benytte det i længere tid af døgnet end den, som til søvn og hvile må i almindelighed ansees fornøden, og der må ikke tilstedes ham at medhave i fængslet overflødige klæder, som af ham kunde benyttes til heraf at danne sig et leie på den tid, da benyttelsen av det almindelige leiested her ham betaget. Der må ikke gives ham anden end sædvanlig fangekost. For menige krigsmænd kan straffen skjærpes ved at borttage fra leiet de sedvanlige sengklæder, således at den straffelidende må ligge på den blotte brix og kun gives en med strå stoppet kul under hovedet og et teppe til overbredsel. Den korteste tid, hvori ensomt fængsel anvendes, er 5 dage, og den længste tid 90 dage.»

— Når du les dette, er det so du kjenner deg tilbakesett til millomalderen, so barbariskt, so vondt er det uttenkt. Det synest vera meint på å gjera folk galne elder få dei til å henja seg upp. Dag og natt plent åleine, i eit avstengt, daudstillt rom; ingen ting til å taka seg fyre, ikkje ei bok ein gong, ikkje ein blyant elder ein bite papir . . . og so skal ein ikkje eingong få kvila det ein vil, når vonløysa og kanskje vitløysa tek ein. Det er utrulegt, at me enno skal hava slik villmannskap i logbøkerne våre. Og i slikt eit fengsel skal no den unge studenten Ivar Mortenson sitja i 25 dagar, d.v.s. innpå ein månad, — og det fordi han he prøvt å gjera ein god gjerning, prøvd — på logleg måte — å få ende på stygge og brutale uskikkar, prøvt å hjelpa kammeratar, som leid urett, prøvt å arbeida for ein betre moral, so at ikkje all denne flokken av unge soldatar skulde læra altfor mykje styggt og rått av sine eigne overmenn. Å du menneskelege, du vidunderlege menneskelege rettferd! du utenkjelege norske herskikk og her-moral i sllutten av det 19de hundradår!

— Men han løytnanten? han, som var skuld i ulukka, — kor gjekk det med honom?

Den same militære straffelog av 1866 segjer i sin 127de paragraf:

«Hvo som i eller udenfor tjenesten forhåner nogen underordnet eller fornærmer ham med bestkjemmende udladelser eller adfærd, straffes med fængsel, og i tilfælde af flere ganges gjentagelse med fængsel eller embedsfortabelse.»

Men hr. premierløytnant Aas hev med all si banning og kalling — ikkje fenget fengsel. Han skal ha fenget litt skrubb; på mynstringi stod den same hr. Wergeland, som preikad so strengt for Mortenson og endå formanad soldatarne til å «vogte sig for de falske profeter», — han stod og orsakad løytnant Aas. Det var so menneskelegt å mistaka seg! og han var stød på at mannen kvar gong tregad på sine synder — baketter! Altso burde han dømast mildt. —

Å du vidunderlege menneskelege rettferd og norske her-moral av 1880!

————

«Morgenbladet er eit gudelegt blad. Prestarne er i samfund med Morgenbladet som med Bibelen. «Morgenbl.» finn det over all måte rått, syndigt og ugudelegt når ein «simpel mann» bannar eller forbannar folk. Men når ein løytnant — ein premierløytnant — gjer plent det same («din devel!» «din satan») — so er dette berre «sterke uttrykk», eller «uttrykk, som gjerna kunde voret ubrukte», men synd! eller råskap! — langt ifrå.

Og du skal sjå, at det finst ikkje ein kristen prest i heile landet, som vil segja eit ord mot denne «Morgenbladets» forklaring! — Ikkje eingong det høgmoralske «Fedrelandet».

Altso! Det er moralen, det er kristendomen, — det er det 2dre bud.

«Du simple mann, må ikkje banna elder bruka stygge ord; men De, hr premierløytnant, og De, hr. kaptein, og De, mine herrar konditionerade, — nå, Herre Gud, det er ikkje så fårlegt, um de brukar ‘sterke uttrykk!’»

Kristendomen vert meir og meir høfleg mot dei «fine», ser det ut til.

Usignert [Arne Garborg]

 Fedraheimen 28. august 1880

* Soldaten vardt so uppøst og sinnad, at han rende på løytnanten med bajonetten, vart det fortalt, men vart fangad strakst og set i holet. Løytnanten slapp.

** Det var ikkje den gamle Wergeland, statsråd hev voret; det var fyrr-verande oberst O.O. Wergeland, han som i si tid gjorde seg so ille likad i Kristianssand, og han som i året 1873 kallad norske bønder for «vore (herens) fiendar (sjå bilag 9 ved Indst. S. no. 118 for 1875). Denne O.O. Wergeland er merkjeleg nok brot av — — å nei, lat oss ikkje nemna so stort og fagert eit namn her.

*** Morgenbl. hev då og gjort denne snilde godslege guten til ein «radikal opvigler» av dei verste!

Sjå også:

[Ivar Mortenson:] Gråtenmoen

[Ivar Mortenson:] Frå Gråtenmoen

Det gjeng lystigt til

«Morgenbladet»

Ivar Mortenson: Etterskrift um Gråtenmo-greida [i]

Ivar Mortenson: Etterskrift um Gråtenmo-greida [ii]

Ivar Mortenson