1880:

Frå Gråtenmoen (brev)

Det er vondt å eksere, det er ikkje mange, som heilhuga kann tola den tvangen. Men skal ein te å klaga på sumt, ein ikkje likar, so gjeng væl det au både seint og ubeint, at det mest er vonlaust. Det einaste, som kann mone er å setja ut i blai korleis dei heve det. Det vil eg bea soldatarar all sta ifrå gjera, so det kann koma ut, og dei, som derte er verdt, kann få folkedomen på seg, for han er den sterkaste magti. Det er au mange småting som det ikkje gjeng an å sende inn klage yver, men som kann vera leie å dragast med likevæl, og dei passar det bedst å setja i blai, so skal det væl besne. For der tar ein ikkje klaga hell ein gong, um han er rædd for det; ein kann berre fortelje det, som hender; men det må ein passe på, at ein fortel sannt. Fyrst kan ein berre skrive utan å nemne namn, og monar so ikkje dette, fær ein au nemne namn, ja både på dei høge og dei låge då. Dette trur eg er den rettaste måten te å få folkeskikk på herstelle. Då trur eg mange forunderlege sogur vilde koma fram.

Her er berre ei liti ei. Her på Gråtenmoen var det mange, som var harme siste sundagen, me var komandera til gudsteneste. So hadde kapteinen vår sagt, at me kunde setja oss ned, um me var trøytte; no var han burtreist. So etterpå vilde den andre kapteinen, som au var leirkomandant, høyre etter, hokke det var, som hadde set seg; det hadde me ikkje lov te, sagde han; vilde me det, so måtte me melde oss sjuke, helles gjek det ikkje an. Men det er mange, som ikkje er sjuke au, som væl kunde bli trøytte og få hug te å setja seg, når dei skal stande i solsteiken og lye på ei preike. Men i tenestereglementet stend det au, at «under gudstjenesten er det enhver tilladt at sætte sig ned».

Heretter vil me heller ikkje lenger tola nokon råskap, banning og uhøflege or av dei komanderande. For fyrst er det ukristelegt, so er det umennsekjelegt og so endeleg sømer det seg ikkje å fara åt med frie folk i ein fri stat på slik måte, me er ikkje anten trælar hell hundar. Alle soldatar hev her plikter både imot staten og seg sjølve å utføre.

– 13 –

Fedraheimen 17. juli 1880

Sjå også:

Gråtenmoen

[Arne Garborg:] Det gjeng lystigt til

[Arne Garborg:] På Gråtenmoen

[Arne Garborg:]«Morgenbladet»

Etterskrift um Gråtenmo-greida [i]

Etterskrift um Gråtenmo-greida [ii]

[Arne] G.[arborg]: Ivar Mortenson