1877

1880

«Morgenbladet»

Som fyrst gjorde Ivar Mortenson til ein forskræmeleg uppeglar og upprørsmann hev no leset forsvarsskriftet hans og finn, at han i grunnen må vera ein bra gut. Likevæl fortel det at «vort (Morgenbladets) første referat var ligeså korrekt som ‘Vardens’ var løst og uefterretteligt!»  Det er på den måten, Mgbl. er «korrekt».

— Ivar Mortensons forsvarsskrift er merkjelegt i visse måtar; men det segjer alle, at når ein les det, so forstend ein strakst, at Mortenson er ein rettenkt og skikkeleg kar, som hev gjort det han gjorde i god tru og i den beste meining, men ikkje for å gjera «upprør». Han vedgjeng, at han ikkje hev brukt dei rettaste former, og at han kann ha voret sterkare i sine uttrykk enn naudsynlegt var; han vedgjeng dette; han forklarar kor det kunde hava seg og segjer, at når han fyrst kjem heiltupp i den rette soldatskikken, so er det hans visse von, at han skal verta god og lydig soldat, — —

og med alt dette! Endå dei veit, at guten korkje vilde gjera elder gjorde nokot vondt, men berre mistok seg av ukjenskap med skikk og former*, og endå dei ser, at guten vedkjennest dette, bed um orsaking og tregar på sine mistak, — endå dei veit og ser alt dette, so tek dei likevæl den unge, snilde og vælmeinande guten og set honom på

25 dagars einsamt fængsel!

[Arne Garborg]

Fedraheimen 11. september 1880

 

Mistaket var det, at han sende løytnanten eit privat brev istadenfor å innsenda formeleg klage. Og so var det det um matsuvlet, som ikkje var selt, men gjevet burt, og som dessutan ikkje var etande. — Det var væl komet mykje rusk og bos uppi det i gryta, kan me tenkja! For hellest måtte feita vera likeso etande som kjøtet!

 

Sjå også:

[Ivar Mortenson:] Gråtenmoen

[Ivar Mortenson:] Frå Gråtenmoen

Det gjeng lystigt til

På Gråtenmoen

Ivar Mortenson: Etterskrift um Gråtenmo-greida [i]

Ivar Mortenson: Etterskrift um Gråtenmo-greida [ii]

Ivar Mortenson