1880:

Etterskrift um
Gråtenmo-greida [i]

(Av Ivar Mortenson)

No hev eg set so mange slag uttydingar og meldingar i bladi um dette på Gråtenmoen, at eg trur det vil vera rett, um eg skriv nokot sjølv au um det. For fåe hell ingen hev set rett i alle måtar. Eg likar det ille, at dei hev gjort so stor ei sak av dette, og det er ikkje meiningi, at eg no vil gjera denne endå større sjølv; men det er so mange, som trur galet um meg, at eg ikkje synest eg kann tigja plent still. — Men det vart for langt, skulde eg retta på alt det galne, som er meldt um denne saki.

Eg hadde høyrt so mykje um alt hardstyre på eksisen, at det skulde då vera so reint forsett eit rårikje, dei hadde yver gutarne. No såg eg au sumt, som kunde tyda på dette. Men eg såg då au mangt, som var vitugt, og eg såg offiserar, som var plent som andre folk. «Nei, det må vera berre nokot som dei finn på, dette,» tenkte eg. «Det er berre som eit minne frå gamle tider, dette, som sitt i ålmugjen endå, at alt i herstellet so skal det drivast fram berre med vondt. Det er berre liksom ei ovtru: når dei ser desse glimande klædi og all den drustelege bunaden og so desse keike strame kararne med sverd og belte og morske minur og fremind-manns mål og femmind-manns åtferd, so vert dei skræmde og trur at dette er ikkje folk, men berre storstyggingar og tryn-tyrkar, som er sette til å pina og hardstyra dei. Det er ikkje ansleids med dette hell som med spøkeri og sovoret,» tenkte eg; «dei hev høyrt gamle sogur, og so gjeng dei og skjelv i ræddhug og trur at dei ser mange ting, som aldri er til. For når ein berre vil bruka vitet, so kann det då aldri vera meininga, at alt her skal drivast med berre hardhugen. Det vilde vera reint motskapt det. For no til krigen, som eksisen gjeld, so var no ingen ting so speleg som eit hardstyrande og vondsklegt offiserslag; for då vilde soldatarne anten renna sin veg som ein saueflokk, hell so vart det offiserarne, som fekk dei fyrste kulunne, og det vøre då ikkje væl. Og eit slikt skræmestyre vilde dessutan vera til stort mein for sjølve folkedaningi. Det kann aldri vera meint so,» — tenkte eg.

Og av krigslogi fekk eg same tanken. For der stend det, at det er ei menneskeleg og vitsleg åtferd, som dei skal bruka. Difor meinte eg, at so var meiningi og so skulde det vera.

Men som sagt: eg såg altid sumt, som var på eit annat lag. Eg undrast på dette og leitad etter grunnen til det. Huglynne og sermannshått kunde fulla hava nokot skuld. Men det slengde seg inn i so mangt, dette, at der laut vera andre grunnar au for det. So mykje fann eg snart ut, at soldatarne sjølve har ei stor skuld. For dei førte seg som trælar; det var som mange trudde, at det var ein sjølvsagt ting, at offiseren skulde vera som eit troll og fara åt med soldatarne plent som han vilde. Var det då under um dei misste sin sjølvvyrdnad, og um dei sjølve au vart fulle av råskap og vond vilje, so lydnaden vart berre som ei augnetenest, som dei gjorde av tvang, med dei bannad sine overmenn i hjartat. Men det er den gode viljen, som gjeld for Gud, og eg meiner det er den, som gjeld i krigen au. Var det so under, um det var mishug mot hermannstellet? Mishug og klagemål var det meir av enn kjerleik, som vil ofra seg for land og folk.

Det er liksom mange ikkje veit hell forstend at offiserarne au hev sine plikter, og at dei au stend under vanleg menneskeleg log og vilkor. Visste dei plent det, og visste dei, at dei gjorde sine plikter, so vilde dei kunna æra og elska dei som andre menneskje.

Desse plikterne hev sin grunn i det same for både offiserar og mannskap: i kjærleiken til folk og land. Er dei båe fyllte med den, då fyrst kann dei verta rette fedrelandsverjarar, og då kjem det av seg sjølv med den rette måten og det gode samhøve millom offiser og soldat, som er nokot av det fyrste det gjeld um.

Men når soldatarne trur, at offiserarne berre er «høge herrar», som hev si moro av å plaga dei på alle måtar, og når det au stundom hender, at offiserarne tek det formykje med vondt og med hard driving og banning og vondske, so er det ikkje godt for soldatarne å koma til å tenkja på, at både dei og offiserarne er utgjengne på den eine store saki; den å verja sitt folk og sitt land.

Det kunde endå ganga an, um soldaten var meir upplyst; då kunde han sansa seg betre sjølv. Men er han rå og litet upplyst, då kann ein ikkje venta seg so mykje meir, og det er då det minste ein kann krevja, at han sjølv skal visa vyrdnad for sitt kall.

Men — tenkte eg — er det ein, som ikkje gjer dette, so bør soldaten endå ikkje leggja honom for hat, men helder med trugne ord og manndoms ferd prøva å føra honom inn på rettare leider.

For kunde soldatarne berre hava tillit til dei og tru godt um dei, so kunde det nok henda dei vilde folka seg. Det kann vera soldatarne sjølve, som gjer dei til troll ved mistru og mothug. Men når ein talad til dei på menneskeleg vis, så må dei då hava manns hjarta i bringa dei au, tenkte eg. For den illska og vondhugen og sjavvils-strengleiken kann då ikkje annat vera hell som ein ham, som dei må vera glade dei kann sleppa ut or sjølve — tenkte eg.

Eg såg au merkje, som styrkte meg i dette.

Det var ein offiser i fyrstningi, som var fæl til å banna, at det var yver alt; men då det leid um ei tid, so var han ikkje til å kjenna att. Eg veit ikkje korleids det var voret, men sidan var han so reint godlidande; og so vonde som dei var på honom i fyrstningi, so glade dei vart i honom sidan. Dette var endå ein krass og brålynd mann.

— Dette var tankarne mine.

(Meir)

Fedraheimen 13. november 1880

Sjå også:

Gråtenmoen

Frå Gråtenmoen

[Arne Garborg:] Det gjeng lystigt til

[Arne Garborg:] På Gråtenmoen

[Arne Garborg:]«Morgenbladet»

Etterskrift um Gråtenmo-greida [ii]

[Arne] G.[arborg]: Ivar Mortenson