1877

1880

Det gjeng lystigt til

på Gråtenmoen. Officerarne held saman på sin måte, og soldatarne – harmar segm lid vondt og tigjer.

I år hev det voret ein der, som ikkje kunde tigja. Han såg på all den styggedomen, til han vardt leid og tenkte med seg: Dette skal for ein dag! —

Mannen heite Ivar Mortenson; han er teologisk student. Mange rundt landet kjenner denne guten og set voner til honom, dei vil lesa denne soga hans med hjarteleg samhug. Han er ikkje av dei, som gjer ståk for ingenting, og hev han misteket seg, so kann me vera støde på at det berre er i formerne.

Kva var det so, han gjorde? —

— «Mgbl.» hev eit stykkje, som fortel oss det — på den vanlege grisevorne morgenbladske måten. Me, som kjenner soga frå andre kantar, veit at morgenbladstykket er so innsyltat i usanning som det bedst kan vera; — men um ein so vil halda seg til det, so vil ein finna, at Ivar Mortensons store synd er den, at han hev skrivet eit par brevsendingar til «radikale blad», og at han hev voret med og skrivet ein klage. Me skal i næste no. fortelja den heile soga slik som ho er, so at kvar mann kann sjå um han hadde grunn til å gjera som han gjorde; berre det skal me her nemna, at han heilt ut hadde soldatarne med seg, og alt folk hellest der burte, som kjende til stellet på Gråtenmoen, fann at han hadde gjort ei god og naudtrengd gjerning. Dette var Mortensons synd.

Kva fekk han for denne syndi?

1) fekk han på mynstringsdagen ein «reprimande» (ei skråpe) av sjølve generalmajor Wergeland, denne vælkjende hermannen i danskekrigen og frå hans «østersavling»;

2) fekk han arrest og vart førd under vakt til Kristiansand for å dømast av ein krigsrett. Der sit han no fengslad – som ein brotsmann og eit illmenne.

— I denne saki må her rydjast upp. Dei militære herrarne hev her — som fleire gonger fyrr — vist ei framferd so uvyrdsleg, at ein kann skjemnast av å liva i eit land, der slikt hender. Det viser seg klårare og klårare, kva den «militære tanken» ber i seg, og me trur, at endå dei største her-elskarar heretter vil koma til å lesa Bjørnsons ord um herstellet med serleg ettertanke.

Usignert [Arne Garborg]

Fedraheimen 21. august 1880

Sjå også:

[Ivar Mortenson:] Gråtenmoen

[Ivar Mortenson:] Frå Gråtenmoen

På Gråtenmoen

«Morgenbladet»

Ivar Mortenson: Etterskrift um Gråtenmo-greida [i]

Ivar Mortenson: Etterskrift um Gråtenmo-greida [ii]

Ivar Mortenson