1880:

Gråtenmoen (brev)

Ei eksissamling kann vera god til mykje meir hell å læra eksera. Allvist då her, det kjem saman so mykje gjæv ungdom frå heile Telemarki; det vøre rådlaust annat, dei må samle seg i sams hug um sams tankar, og det er då mest for fridom og norskdom, hugen leikar. Og i dette vert dei au so væl understudde, med di dei hev so gjildsleg ein kaptein, – ikkje soleids nettupp at han strævar for mykje med å bera fram slike tankar sjølv – var det likt seg! –, nei; men han er endå den bedste kapteinen me kunde hava. Er det nokon her, som ikkje hev tenkt på fridom, målsak, folkehøgskule hell nokon ting sovore – han lyt koma til å sanse etter det her, når han ikkje er reint ein styving då; for det er slik ein makalaus kaptein, so flink til å eggja folk upp! Og slik ein morosam måte han tek det på!

Soleids då dei her fekk bodi um, at folket hadde vunnet i Thinget og at ræpræsentantarne våre djerveleg hadde haldet fram vår rett og vår æra, so var dei so glade; dei gjekk rundt Moen og song songar og ropad hurra for Johan Sverdrup! Og telegrammet, som tidenden stod i, slog dei upp på ein vegg, og ovanfyr det eit bilæte av Johan Sverdrup: «Lengje live Johan Sverdrup!» stod skrivet nedunder. Andre dagen kjem kapteinen drivande og fær sjå det, – flaug so beint på veggen, reiv bilætet ned, sleit det sundt, kastad det i søyla og trampad på det! – Men bilætet kom upp att strakst; Sverdrup, den guten er ikkje lett å tyna. Um kvelden, då kapteinen kom att, så han same bilætet, plukkad det ned og tok bitarne med seg. Men morgonen etter stod Sverdrup på veggen att, like blank! Kapteinen kjem marserande, ser bilætet på veggen langt ifrå; så tek han seg augnemerke og marserar med lange stig beint mot veggen, djerv og vill som Jakob von Tyboe ... Bilætet i fillur! Men tridje venda kom Sverdrup upp, og då er det tvo bilæte, det eine so høgt uppe, at ingen kann nå det. Kapteinen kjem, – fram mot veggen som han var olm, og freistar å skrapa bilætet ned med sabelen, men kann ikkje nå; so set han ein mann med ein stige til å taka det ned, – «for han likad ikkje, at det var papir uppklint på veggen»!

Og no i målvegen. Det var ein, som brukad sitt eige mål, endå han hev voret på lære i byen; – «tal norsk, gut!» sagde kapteinen, «når du taler med mig!» «Ja eg meiner eg gjer det, eg, hr. kaptein», svarad guten. «Ja, men tal det mål du er oplært i på skolen!» sagde kapteinen. «Ja eg er bedst lært i dette eg», meinte Guten. So kunde ikkje kapteinen segje nokon ting.  No er det målmenn i grunnen mest alle her; sume er rædde av seg og knotar, når dei skal tala med kapteinen; men han kjem vist snart til å eggja dei upp, so dei kjem ut av ræddhugen.

Det er enno for lite samhald, og når dei ikkje er samstelte, so er det fårlegt, allvist då for underofficerar, å bruke målet sitt for mykje. Det vil vel folk ikkje tru; men jaumen hev det grunn for seg. Me hev høyrt so mykje, at me veit, kor me hev den karen. Han hev sagt um folkehøgskulen, at dei som hev voret på den, kan ikke vente sig nogen forfremmelse. Det høyrest rått ut; men det er sant. Kapteinen vår synest tru, at den norske heren ikkje er annat enn eit politisk drivhus til dyrking av morgenbladske potteplantor.

– Liksom elden røyner gullet, so er au ein slik mann god å hava her for å røyna hugen i Telemarki, um han stend seg for eld og stål. Dei rædde vil han gjera til trælar; god-meinande, stille folk vil han gjera til støe nationale og politiske stridsmenn, og dei kvasse og trådlyndte vil han gjera til – republikanarar.

Svein

Fedraheimen 3. juli 1880

Sjå også:

Frå Gråtenmoen

[Arne Garborg:] Det gjeng lystigt til

[Arne Garborg:] På Gråtenmoen

[Arne Garborg:]«Morgenbladet»

Etterskrift um Gråtenmo-greida [i]

Etterskrift um Gråtenmo-greida [ii]

[Arne] G.[arborg]: Ivar Mortenson