1879:

Frå Telemark [i]

 No her ein dagen var det ein mann, som sagde ved meg: «Du, som er slik ein målmann og norsk mann vil vera,» sagde han, «du som er ein sovoren mann,» sagde han, «du skulde sjå til å få folk til å taka upp atte dei gamle dragterne, som no so mange hev kasta, då gjorde du ei god gjerning; det var likare det enn å eggje dei upp med målstræv og sovoret,» sagde han. Det var iser karmannskledi her uppe i øvre Telemarki han meinte med det; for her uppi fjellbygderne er det ikkje som i utbygderne, at dei hev nokor sermerkt klædedragt; dei hev kastat den fyr lenge sidan. Den gamle klædningen var nok den hofteside, kvite vadmålskufta, som framantil var avrundad noko, liksom dei nymotens «kontorfrakkar» dei kallar, og ho gjekk ikkje ihop yver bringa, so ho kunde kneppast; baktil var ho uthuglad med nokle baugar hell stjertar, dei kalla; so hadde dei knebuksur med sylvspenne i og endå knappar uppgjenom, og so reitsokkar, som dei knepte fast med breide reimar, som var utstingne og underlagde med raudt klæde; desse kallad dei knesprette. Der var det også småe sylvspenne. Til skofot hadde dei tæsur hell sjøur, hell «haringhusko», som dei au nevner dei; dei var au utstungne nokot med raude lepper, når det skulde vera gjildt, og store spenne anten av sylv hell fortinat metal. På hovudet hadde dei koll-luve, berre som ein liten pull gjord av ymislita lepper, soleids som dei enno brukar dei burti Tinn og Numedal og nokot au i Hallingdal og Valdres. Dei høge hattarne, dei kom væl sidan, dei brukar slike endå burti Sætersdalen, og det stend mykje um dei i stevi, soleids: «Å høge hattar på staute karar, dei held me bete hell dei ha garar» o. s. fr. Dei liknar nokot på desse nymotens  «flosshattarne», men var meir innsknipne på midten. Der au hadde dei spenne av sylv i bandet, hattesy’gjur dei kalla. Desse hattarne gjorde dei sjølve. Av knebuksur er det tvo slag, nokle smale, so dei fylgjer kroppen, og dei andre nokre fæle vide ting, som låg berre fall i fall og nådde litt nedum kneet. Det var «vidbuksfeggjanne», som hadde det.

Sidan kom det ein annan skikk, dei side kufturne vart avstytte, so dei nådde berre halvmidt ned på ryggjen, og i samhøve dermed måtte buksurne dragast upp under armarne, og so vart dei fotside.

Denne makselen brukar dei enno i Utmannbygderne i Telemarkji og so i Sætersdalen, med langbuksur og kvit stuttrøye, endå saumegjerdi og laget kann vera nokot ulikt.

Fjellmennerne vart då ikkje standande med det. Det kvite jakka vart stuttare og stuttare, og til slutt vart ho so stutt, at ho skreid reint av. — Det var ein mann uppi Vinje sokn; han gjekk med desse stutte jakkurne då dei leikad på siste liten. So var han på kyrkjevegjen. Det var slik ein lentekrok detta. So kjende han jakka sat laust og romt, som ho au gjorde, for det var berre som ein lepp var knytt yver herdi, inkje var det til rygg og litet til armar. So gjekk han, som han ingjenting gådde åt, berre skok seg litt ender og då og rykkte på herdarne, so jakka losna meir og meir, og tilsist dreiv ho ne midt på vegjen. Folk lo. Då spratt han til, gloste kring seg og lest vera fælt forstøkkt yver detta. Men soleids gjekk det yver det heile; kvit-trøya vart so stutt, at ho datt av sjave-seg.  So kom rundtrøya i staden, soleids på lag som dei brukar ho i det meste av landet, helst svart, men i dei øvste bygder hev dei ho blå med sylvknappar, som er eit kjennemerkje på fjellfolket her, dei hev difyr ogso vortet kalla blåmenner.

Det er soleids 3 stig hell aldrar å merkja seg i klædebruken her; det fyrste: sid kvitkufti og knebuksur; det var visst det gamle og bukelegt yver ein stor part av landet, etter som eg då hev røynt det ut. Det var plent høveleg bunad det. So kom millomalderen med dei ulaglege langbuksurne og stutt-trøyurne; det er uliklege greiur; dei skuvar hjartat liksom heilt upp i halsen, og det er berre magjen og føterne, du ser nokot av. So kom nytidi, som no er her, og no hev då mannen vortet nokot meir lik seg, som han er lagad av naturen, med dei rette grensur millom yverdel og nederdel.

No tykkjer dei so tregaleg, mange, i, at fjøllmennerne i Telemarkji hev kastat dei gamle plaggi, og so rosar dei utemennerne, for di dei hev haldet det gamle i agt og ære. Men det tykkjer eg berre er uvitselege rødur. At dei kastad sidkufta og knebuksa og tok att den stutte jakka og lange bringebuksa, det var ufelleleg; men at dei gjorde um att dette byte au, det gjorde dei, for di fjellfolket hev meir vit og ettertankje enn utbygdingarne. For dei er klokare enn som so, at dei vil vera berre som nokle leikdokkur fyr bymennerne, når dei reiser um og vil forvita seg. Men det er sanneleg mange endå, som fyr ålvor trur, at det «nationale» stend i å halda på dei gamle klædi og skikkarne og livemåten. Nei hu, då vart det berre ein vitlaus muge, utestengd frå samtenkjing og samliv med utverdi. Fjellbygderne i Telemarki er dei mest nationale, dei held eg fyr den beste lepp av heile Norigs land, endå dei hev kastat «nationaldragten». For ingen stad hev dei so godt og vent eit mål, og ingenstad er hugen so norsk som her, og då kjem det lite an på klædi. For eg trur no ikkje det er etter vitet berre dei fer, utmennerne held, når dei held so på det gamle, for det er berre gamle skikken, dei fylgjer, og ikkje tenkjer meir på det. Stordelen då. For dei er likso hardt bundne av dei gamle skikkarne, dei, som byfolket er bundet av motarne, som skifter mest til kvar dag, og eg trur båe ting er mest like galne; den eine skal ikkje lasta på den andre, fyrr han sjav hev skipat seg liklegare til. Men det er leidskleg ikkje å kunna rå seg sjølv, berre ein ein sovoren ting au som å klæ seg. No skal du berre høyra eit kvendeord um dette, som eg tykkjer er merkjande; du veit det er kvendi helst, som styrer med motarne. Men det hender so rart her i Telemarkji, at det er vit og tankar i kvendfolket au. Det er ei gjente, som skriv dette: «De æ so mange slags tikjar om klæine, den eine tikjer de æ fint, å den andre de; når den eine vi take etter motanne, so vi for de meste adde, anten de æ nyttelegt hell ikkje, de bli kje fare etti. Når de æ bare nytt, so meiner dei de æ visst nyttelegt, men ein sille fyrste sjå, om de var passelege, ti dømes når ei bondegjente klær seg i kjole å tek’e etti bymotanne; de æ ikji anten prydeleg hell gagnleg å klæ seg om, når ein vi vera i fjellbygdanne å når ein ska tenkje på å arbeie bondearbei, som æ kji gott mæ dei kjæinne, for ein kjoli æ ikkje anten so varme hell so sterke som den heimevirka valmålsstakkjen; den helle kanskji ut tvo hell tri av slike kjolar. Eg trur ein må fygje bygdeskikkjen, når de æ so høvelege dragt som her i Telemarkji; de æ mest adde, som tikjer den æ vene, men når eg sille bu i Bøhera hell Sætersdalen, so ville eg ikkje fygje bygdeskikkjen, då vill eg klæ meg, som eg totte va beste, for den dragti æ då kji anten vene hell nyttelege, då visst ikkje som kvendi i Sætersdalen brukar mæ dei stutte stakkanne; de tenkte eg va meste rålaust i kome ut om vetren mæ slike stakkar.»

(Meir)

 Fedraheimen 16. august 1879