1878:

Øysterdalen [ii]

Du tykkjer væl det vert for mykjet tå mosen her, er det von; du kann ganga yver mosevidderne på milevis, og du ser ikkje annat enn mose, kor du snur deg, og er det so ruskeveder og vått, so kann det nok vera hustret au; det gjev seg under føterne dine fyr kvart stig du tek, plent som du gjekk på ei myr, og set du på deg nye skor, skal det ikkje vera for mykjet att av deim, når du hev gjenget nokre dagar. Eg hev aldri sett slik skosliting; du tykkjer væl steinen er stygg, men jamen er mosen tie gonger verre, han tek ovanpå skoen lika radt som under. Nei kast skor og sokkar gut, då gjeng du aller best, når mosen er litet våt og det ikkje er alt for kaldt i lufti. Men det er no ikkje all stad då helder, at det er berre mosen. Det er ikkje langt imillom det sting seg fram fjell med eit annat lag, harde telfjeld, berre steinen, og so snjoflekkjer uppetter. Mosefjellet det er flatt det, og det dreg seg vidt innigjenom, men desse steinfjelli, dei era jamnast brattare og høgare, dei era so myrke og svarte, når dei reisa seg upp mot dei hine, dei era spisse sume av deim og kvasse som ei knivsegg å sjå til. Burt mot Fæmundskanten ser du berre tind etter tind, når du kjem nokot uppfrå. Sølann er ikkje leide, det er tvo av deim, den eine i Reindalen og den andre i Vesleelvdalen, og so alle Rundann, dei høyra likeso godt til Øysterdalen, som til Gudbrandsdalen, dei liggja midt på skilet, men de era mykjet finare og skirare frå austsida. Du ser deim væl, når du kjem litet upp i Foldalen, dei stiga fram so vænt, tind etter tind; kjem du so langt som åt kyrkja, fær du ogso sjå Snjohetta, ho stend so blenkjande og bjart midt frami dalen. Desse fjelli gjera Foldalen til ei av dei finaste bygder, eg hev set; kjem du her i skoddeveder kann du mest ikkje kjenna deg att, då er det berre som ei reint simpel bygd, men er det glitrande skolskinsdag, er det fagnadsamt å fara dalen endefares. Det er berre flate turre skogmoarne uppigjennom, men du vert ikkje leid deim, her vil du læra å elska desse moarne, dei era so fagre, dei hava so fin ein lit, når du ser blåfjelli glitra upp yver tretopparne elder ljosna fram millom furuleggjom, dei hava same laget her skog og fjell, dei høva so godt ihop, furuskogen han er so einfengd, høg og rak, vidt burtgjenom, djerv, ikkje drøymeleg, storfengd, ljosdæmd, han hev so frisk og god ei koma, og so fjelli myrkeblåe og kvite, agande, utan fyrebuningar, utan oksler risa dei ende upp midt på furumoom, dei era som vaksne ihop skog og fjell, dei sama seg til eit so fagert, heilslunget bilæte. Og detta bilætet er nærskyldt med Folkeslaget og folkelyndet heruppe. For det hev meir på seg enn folk tru dette kvar dag å ha ein stor og fager natur for augom; uviteleg fær folket nokot av det same laget, soframt dei då liva eit naturlegt liv. —

Det er ikkje berre Foldalen desse fjelli tilhøyra, dei era som ein sams eigendom og dei pryda fyr heile nørdre Øysterdalen. For ein ser deim mest frå kvar tind eller hø, som er nokot høg då. Fagrast tykkjer eg Rundann era, når ein ser deim eit stykkje ifrå, dei hava ein blåare og vænare lit då, soleids frå fjelli nokot austan Foldalen; når ein gjeng upp der, fær ein fyrst sjå Einunnfossen nedst ned i Einunna; han er fager helst når elvi er stor, — høgste fossen i Øysterdalen. So kann ein taka seg upp på fjellryggen, austan på Einunndalen (det er slik ein væn sæterdal det; fjellsidurne draga seg som bylgur inngjenom); der kann ein reika innetter til Marsjøfjellom og radt inn på høgste Gjihøenn, der hev ein det vidt og fritt på alle leider, og det er so undarlegt med Rundarne, du ser deim all tidi, men mest fyr kvart fet du stiger er det som dei skifta lag og lit. Snart era dei store, kamputte og øgjelege, og dei hava skapnad som rysillar; eit litet stykkje til, so verta dei ljoslagde, og skirleitte som ungmøyar, som svinga seg i dans; so skipa dei seg som i mange rader og lata det kvite skautet flagsa fyr vinden. So når du kjem so langt som frampå høgste Marsjøfjellet; der ser du liksom kvite skyer, som drive ut i blåe himlen beint upp fyre nørste rundetoppom og nordyver, kvite so det skjer deg i augat; å ja, tru du berre det er skyer; heve du rette fjellmannsdraget i deg, so fær du ikkje lenge ro, når du forstirer deg på desse skyerne, som glima som soli kvar einaste klårversdag; for du veit det er fjell, du veit det berre kann vera Jotunheimens tindar og jøklar, som eiga slik ein glans. De må visst vera Galdhøpiggen og Glitretind desse tvo der, som risa upp haand i haand. — Rundarne stengja lenger mot Sud, men kjem du på Sølen, so ser du sydreluten blått i blått radt ned til Tyinsfjelli og kanskje lenger. — Eg heve sett Jotunheimen ofta, men aldri hev eg sett honom so fager, so himelsk, som når han leikar i skyi yver Øysterdalens fjellmarker. — Når livet vert tungsamt og sturslegt her heima, eg eg tykkjer det ikkje ber til med nokot meir, må eg upp og stira på desse fjelli og lata hugen sviva mot vest og drøyma ei stund om solskinslandet der burte, der alt tykkjest vera ljos og liv forutan sut og myrke dagar. —

Fedraheimen 17. juli 1878